torsdag 8. mars 2018

Begynnelser

Bilete: Bokelskere
Livet forstås baglæns, men må leves forlæns, skreiv den danske filosofen Søren Kierkegaard (1813-1855). Det har glide inn i språket som eit ordtak, der den meir norske ordlyden er "Livet må leves forlengs, men forstås baklengs". Og det var dei orda som kom til meg då eg hadde lese ferdig Begynnelser (Aschehoug, 2017) av Carl Frode Tiller (f. 1970). For der opner Tiller rett og slett med slutten. Enden på livet, enden på tilværet slik vi kjenner det, ebbar ut idet boka tek til. Og etterpå såg eg jo at same sitat er trykt bakpå smussomslaget, som eg alltid lèt vere å sjå på og tek av ei bok når eg les ho.

Lengje var eg i tvil om eg skulle skrive om det her, heile dette grepet til Tiller med å byrje bakfrå. For min del er det ein såpass vesentleg del av boka at eg er usikker på om eg avslørar for mykje når eg røpar det. Men: Det står attmed bakpå boka, saman med innleiiande sitat. Då må det vere greitt. Men det einaste originale ved boka er nett dette grepet. Elles er alt som det plar vere hjå Tiller. Det er kan hende ein fordel å vere klår over ein slik rangsnudd struktur før ein les, slik at ein ikkje vert frustrert eller forvirra. Samstundes skulle eg ønskje at forlag og forfattar hadde halde det løynt.

Attende til forteljinga: Me er i første kapittel, som ikkje har namn eller tittel. Hovudpersonen Terje ligg på sjukehuset. Han opnar augene, høyrer stemmene til mor si og søster si. Han får med seg alt dei gjer og seier, men dei verkar ikkje å sjå han. Dei ser korkje på han eller mot han, heller rett gjennom han. Og han tenkjer at no døyr eg, det er dette som er å døy. Men korleis gjekk det slik? Korleis kan det ha seg at ein vaksen mann med eit meiningsfylt arbeid, kone og born, velje å take sitt eige liv? Og kan ein nokon gong svare på, og forstå, fullt og heilt, eit slik umogleg spørsmål?

Langt på veg er boka til Tiller ei undersøking. Ei undersøking av kva element i eit liv som får det til å bikke over nett når det ikkje skal. Tiller søkjer og leiter fram ulike faktorar i og kring livet til Terje som til saman vert ein uhandterleg masse, som til slutt vert for mykje. Sett kvar for seg er det ikkje mykje. Kvar for seg er kvar hending, kvar konflikt og kvar krangel liten nok til å verte retta opp att. Men det skal syne seg å ikkje vere heilt så enkelt.

Frå byrjinga, det vil seie slutten, går me steg for steg attende i livet til Terje. Me får høyre om kva som hender to dagar før, dagen der Terje i frustrasjon og sinne og vonlause køyrer over i motgåande køyrefelt for å fullt medvite kræsje med eit vogntog. Me får høyre kva som hender ein månad før det igjen, tre dagar før det igjen, tre månadar før det igjen og så vidare. Saman med forfattaren nystar me oss attende i eit heilt vanleg liv, episode for episode. Heilt til dei daglegdagse skildringane brått ikkje er så daglegdagse lenger, og me som les skjøner at Terje har hatt eit val mellom to heilt ulike liv, ikkje ulikt fleire av lagnadene me råkar i Innsirkling-trilogien (2007, 2010, 2014). 

Styrken hjå Tiller er som vanleg skildringane av det psykologiske spelet mellom dei sentrale personane, og dei mellommenneskelege konfliktane deira, særleg knytt opp mot kroppsspråk og munnleg kommunikasjon. Forfattaren skildrar korleis ein er vrang og småleg med dei ein er glad i, kor lett det er å seie noko vondsinna som ein veit sårar, kor vanskeleg det kan vere å velje å vere god. Vidare har han ein grunnleggjande forståing for det mørkret som alltid er i eit menneske, og som i nokre tilfelle kan ete ein opp innanfrå. Eit mørker som kjem snikande, som alltid ligg ulmande... Er det då meint å vere slik? Er det mørkret noko ein har arva, som ligg i gena, som ein difor ikkje kan noko for, ein berre er slik? Eller kan ein aktivt velje sitt eige liv, på ny og på ny, lausrive frå kva ein kjem frå og kven ein er? Slik handlar boka like mykje om skapinga av ein identitet som livet til Terje.

Men mest av alt er det døden, den endelege avslutninga. Alle frampeika, symbolikken - vegen dit vert så klokkeklår når ein har lese heile boka. Og ho ender, i byrjinga, med døden. Ordtaket er difor heilt på sin plass. Slik er det litt ironisk at boka er kalla Begynnelser. Samstundes skjøner eg kvifor. Kvart kapittel i boka er ei byrjing, ein start. Og frå kvart kapittel kunne livet til Terje kan hende tatt ein annan veg. Men noko i han, i oss alle, trur eg, gjer at me langt på veg er tru mot røtene våre. Me ber med oss ei fortid som me ikkje kan sjå vekk ifrå, ei ballast som gjer oss til nett den me er. Slik eg ser det, er Terje ein mann som kjempar heile livet. Han vil ikkje vere nett den han er. Han vil ikkje verte slik som dei andre i familien, men veit at han liknar. Han vil ikkje kjenne på mørkret, vil ikkje sjå det.

Men det kjem snikande kva enn han, eller me, gjer. Det er jo der støtt. Og det er der det heile ender.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar