lørdag 18. november 2017

Håpet og festen

Bilete: Kolonforlag.no
Denne seinsommaren og hausten har så langt introdusert meg for mange nye forfattarskap. Det er spennande! Eg har mellom anna lese og skrive om Sofi Oksanen, Frida Nilsson og Mary Shelley, for å nemne nokon. Og eg har lese, men ikkje skrive om Ida Lórien Ringdal, Kristin Buvik Sivertsen og Kjersti Rorgemoen. Før no. 

Kjersti Rorgemoen (f. 1982) debuterte i 2009 med eit notat kalla for Purkene snudde seg, og kom i 2015 med den vesle boka Håpet og festen. Ho er berre nittiein sider lang, kortromanen, og tek kring to timar å lese. 

I boka møter me ei ung kvinne, som kan hende ikkje er så ung lenger. Ho har bikka tretti, men bur framleis i eit kollektiv i Bergen. Ho er tilsett i makuleringstenesta på Fretex, ein jobb ho alltid trudde var midlertidig. Men no sitt ho heilt fast i eit liv som ikkje eigentleg er noko liv - i alle fall ikkje det livet ho trudde ho skulle ha. Ho tenkjer, drikk og jobbar, søv, tenkjer og drikk igjen, og slik går dagane medan me følgjer ho i mest eit år. Ho ser folk kome og gå i kollektivet, dei studerer, får seg jobbar, får kjærastar og familie. Dei flyttar ut langt fortare enn ho får med seg. Og brått innser ho at det har gått mange år, og at ho framleis heng att.

Stort meir er det ikkje å seie om handlinga. Men den er heller ikkje så viktig - det som er viktig er stemninga som vert formidla i boka, stemninga og kjenslene og tankane. Rorgemoen skildrar ein generasjon av unge menneske, hennar generasjon, der ein stadig aukande del sit fast ein stad mellom eigne evner og hundrevis av forventningar frå seg sjølve, foreldra, vener og samfunnet. Når dei ikkje heilt får til det dei er meint å gjere, vert dei etterlatne, sett ned på og skyvt utanfor samfunnet. Dei vert låste fast i eit venteliv, og dei skal korkje verte høyrde eller lagt merkje til. Dei har lågstatusjobbar og snik seg rundt i bybiletet og i butikkane, og hovudpersonen opplever at folk ikkje vil sjå på ho. Som om dei er skjemde. Som om ho burde verte skjemd, av di ho ikkje har det same livet som "alle andre". Vegen er kort til einsemd og tragedie. I Rorgemoen sin versjon vert det ofte tragikomedie. 

For ho er vorten gamal, hovudpersonen. Ho er for gamal til å drikke seg medvettslaus og kopiere andletet sitt på kopimaskina. Ho er for gamal til å ha tilfeldig sex med andre i kollektivet. Ho er for gamal til å ha ein liten drittjobb der ho ikkje nyttar utdanning eller hovud. Ho er for gamal til å halde fram med å feile på livet. Det er i alle fall det ho - og me som les - er lærte opp til. 

Rorgemoen slår eit slag for ventelivet med denne boka. Ho skildrar ei ung kvinne som ikkje er i noko krise, som ikkje lir, som korkje er sjuk eller døyande, men som andar i eit vakuum. Og medan ho andar, reflekterar ho konstant kring eiga eksistens. Ho er utdanna og oppvakt, tenksam og filosofisk, og har samstundes eit underhaldande skråblikk på verda og samfunnet ho kikar inn i. Med nøyaktige observasjonar og ei krass stemme er det mykje moro å hente. Men eg klarar aldri å riste av meg at humoren er eit skal som løyner einsemd og tungsinn. Slik vert teksta heile tida dobbel.

Språket i boka er godt og levande, annleis og friskt. Hovudpersonen er fri og sterk og får snakke slik ho vil, bardust og utan filter. Det gjer at me kjem tett på ei som eigentleg held alle på fråstand, og eg kan sjå ho der ho luskar over torget, freistar å mose bananfluer på kontoret eller sit i mørkret på kjøkenet og drikk. Det er ikkje eit spennande liv, men ein får von om at ho er på veg ut av ventinga og inn i det ho vil og kan og er. Snart. 

Her frå side 5:

Huset er gamalt, men ikkje spesielt ærverdig. Av og til kan eg kjenne på eit slags sus av historie gjennom gangane, men ikkje som nokon nobel vind gjennom veldige eikekroner, det er meir som eit rall frå ein lungesjuk gamling. Ein plakett bortpå ein nærliggande mur påstår at gata huset ligg i, er landets eldste, og at ho utgjorde det gamle horestrøket. Eg ser for meg at huset var fylt opp med handlekraftige horer i hansatida. No er me berre nokre unge vaksne der som prøver å unngå kvarandre, dei fleste utan synleg livsretning.

Håpet og festen er ein kortroman som tek livet og menneska på alvor, sjøl om dei er annleis, grottemørke, stusselege, i eit helvetes humør, fulle av flass, perplekse, liknar ein saltørken og er heilt utan respekt for autoritetar. Humor og alvor følgjer kvarandre og gir lesaren eitkvart å tenkje på. Anbefalast!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar