fredag 12. mai 2017

Hundens bevegelsar


8.


så syng den vesle guten:

desse
inste dagar, desse
lange år, desse fjerne
lydar
medan hunden går og går

hunden eig min tanke
medan Gud eig mi sjel

hjarta er hos hunden
der ein engel byd meg knel

(...)

17.


igjen syng den vesle guten:

høyrer du hjarta mitt komme
så la det gå igjen:
la berre regnet regne
la berre sola sjå
la berre vinden blåse
la berre hjarta mitt slå

(...)

Dikta er henta frå Hundens bevegelsar (1990) av Jon Fosse (f. 1959).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar