lørdag 21. januar 2017

Mamsell Iversen

Bilete: Samlaget
A Mamsell er ei kvinne i si beste alder, eller kan hende litt meir, med tanke på kva arbeid ho har. Ho har "rykte på seg for å gjera litt butikk på seg sjølv" - med menn som kjem på vitjing om kvelden. Når dei går heim att, legg dei att pengar til ho. Då ho enno var ungjente, tente ho nok til å kjøpe garden ho vaks opp på. Mor og far syntest visst det var heilt i orden at ho heldt på slik på låven. Etter å ha gitt dei garden, drog ho. Frå rykte og skam og det heile, og ho kom etter kvart til den vesle Austlandsbygda der ho skulle setje bo og verte vevarske. Ei stund heldt ho fram med det gamle yrket sitt med. Men no, når me kjem inn i forteljinga, har ho berre nokre småkjærastar att.

Ikkje at desse småkjærastane er så viktige. Dei er mest ikkje med i boka i det heile. Men ho Pauline Lindstad er. Ho har vore hjå a Mamsell tre gonger ho med, for fleire år sidan. Og no vert ho funnen drepen i moltemyra. Men kven har gjort det? Er det kjærasten hennar Pauline, ho Frida, som sørgjer så høgt og inderleg og vert så bitter etterpå, så bitter at ho spyttar åt a Mamsell? Er det han enkle Krøtter-Obet, som passar kyrne og får dei til å mjølke betre? Eller er det han Bein-Andras, som går rundt med eit bein frå den avlidne mor si i lomma? Eller er det ho Mamsell sjølv? Ho er jo så frykteleg glad i molter!

A Mamsell veit mest ikkje opp eller ned. Drapet sjokkerer alle på den vetle staden. A Mamsell får stygge draumar om kva som hende i moltemyra. Ho ser for seg ho Pauline, den digre kniven, alt blodet. Og moltene, alle dei moltene som vert tilgrisa med blod. Lyden av kniven, som går inn og ut av kjøt og flesk og hud. Og ho vaknar, sveitt og i ulage, åleine med mørke tankar. A Pauline er drepen. Den lokale lensmannen anar ikkje kva han skal gjere, han turar rundt med ein byrågauk i hælane. Det vert opp til bygdefolket å etterforske saka. Og me kan trekkje ifrå alle dei ubrukelege karfolka som berre drikk heimebrent utpå Svenstad-jordet i arbeidstida. Og dei like fæle damene deira, og alle borna dei har avla i synd. Ikkje mange er att. Men ho synske Marie Størks er med. Og halvvegs saman med ho, byrjar a Mamsell å nøste i saka.

Dei finn klede. Klede med blod på. Og alle kjenner att kleda, dei er han Obet sine. Og den eine mjølkekua, ho Sirri, vert funnen, full av blod på den eine sida. Men han Obet kan ikkje ha gjort noko slik noko, det veit a Mamsell. Han Obet er den snillaste som finst. Like fullt kan dei ikkje halde noko slikt løynd for lensmannen. Obet setjast i fengsel, men a Mamsell veit at det er feil. Korleis kan ho vere så sikker? Veit ho noko, eller har ho sett noko særskilt? Eller har ho ein stor løyndom om ho Pauline Lindstad?

Sigmund Løvåsen (f. 1977) er forfattaren, og boka heiter Mamsell Iversen og er frå 2009. Ho er ei fargerik og morosam bok, skrive i eit særskilt saftig og freskt språk, som glir og svingar og susar og brakar. For ein forteljarstil! For ei forteljarstemme! Vidare er boka full av artige hendingar og snåle menneske, gamle munnhell og praktiske løysningar. Ho Mamsell er ei kvinne med tæl, og ho nøler ikkje med å seie ifrå. Men ho er òg ein klok strateg, ho les menneske og er kan hende litt for smart? Løvåsen vel å ikkje seie noko endeleg, han lèt det vere doble moglegheiter om kven ho Mamsell er og kva ho har gjort. Eg veit berre kva eg trur.

Bygda me vert sendt inn i, er ei gammaldags bygd. Me er kring hundre år attende i tid, til ei tid der ingen er opptekne med tv eller internett. Bygdesladder og jungeltelegraf er måten å spreie nyhende på, for berre nokre få har telefon. Alle må ned på kolonialen viss noko er hendt. Det gjer at all informasjon spreiast meir langsamt enn i dag. Attmed kan ein i noko større grad kontrollere kva som kjem ut, og korleis det vert sagt. Viss ein er nokon som folk høyrer på, vel å merkje. A Mamsell, eigentleg Berte Iversen, står mest på utsida av det vesle bygdesamfunnet. Ho bur i utkanten, ho arbeider i utkanten, og er ikkje ein gong heilt velkomen i kyrkja. Folk går kring ho om dei kan, og snakkar berre til ho om dei må. Alle unnateke ho Petrine, veninna hennar Mamsell. Nokre trur kan hende at slik handsaming har gjort ho Mamsell til ei veik frøken. Dette veit ho Mamsell å parere:

     "- Og dette er a Mamsell Iversen, sa lensmannen og drog på seg eit mindre sjarmerande glis.
     - Ja, deg har eg hørt om, sa fremmendkaren.
     - Eg kan ikkje seia at eg kjenner til Dykk, men far din har eg derimot hatt mykje med å gjera, sa ho og sette auga i lensmannen, så gliset hans vart strammare og strammare heilt til det forsvann i nokre rare rykkingar og leppene snurpa seg i hop til noko som minte mest om eit alminneleg rævhol.
     A Mamsell hadde aldri fakturert far hans, men det kunne ikkje stuten veta noko om."

Forteljaren i boka er allvitande, og Løvåsen dansar og sprett frå a Mamsell til han Obet, til han Andras og attende, og nokre gongar svingar han innom andre med, men eg oppfattar at a Mamsell er hovudpersonen. Løvåsen følgjer ho ofte og kjem tett på ho, særleg i byrjinga og mot slutten. Alle personane vert omtala i tredjeperson, og alt som hender er skildra i små episodar, frå to-tre sider til seks-sju, heile tida i tydeleg avslutta sekvensar, men med ein underliggjande kontinuitet og ei stadig stigande spenningskurve. Kvart kapittel gir ein puslespillbrikke til lesaren, meir om ho Pauline, meir om a Mamsell, meir om kva som hende. Det er mest som om Løvåsen står midt i bygda og vender fokus mot ein og ein detalj. Stilen er breial, tragisk, humoristisk og sår, alt etter kven som vert skildra. Og utvalet er imponerande, båe i antall og med tanke på dei kløktige namn- og tilnamna:

Me finn A Mamsell og a Pauline Lindstad, Frida og Petrine, Bein-Andras som seinare vert kalla Skam-Andras, Krøtter-Obet og Guttorm, det er Evald Kvannberget, a Hjørdis og han Årfinn Trørøsta, Jonette Bjørnbekk, Skoggangsmann, Tørris Greftåsen, Langskallen, Avund Damsetra, Jønn-Karine, Svensk-Jøden, Eilif og Elida Hagan, Førkj-Guttorm, a Orkana, Klokkar-Olaf, Elfinn Brennhøa, Olai Knetten, Lapp-Jossik og han Linus, med mange, mange fleire. Og plassane dei bur og er på, har namn som Løvåsgrenda, Nabbtangen, Spjutåsen, Gravberget, Svenstad, Stutåssetra, Bergulvsetra, Brødfjellet, Volseterkanken, Gørraberget, Smedstua og plassen til a Mamsell sjølv, Harabrenna. For ei moro Løvåsen må ha hatt med å klemme fram alle desse namna!

Det er som eg har skrive over, freskt. Boka er så bra, så original og unik! Det er modig og røft å fortelje på ein slik måte, og å leggje mykje av dei upretensiøse og brutale observasjonane i munnen på ei kvinne. Ho Mamsell er ei stilig dame som blømer når Løvåsen skriv. Ho er full av nyansar, tvil og kraft, som om ho var verkeleg og pustande. Nokre av dei andre personane er meir som figurar, men det er trass alt det dei skal vere. Sjølv om sjangeren er roman, er undersjangeren skrøne, med tilhøyrande språk og typar, her i god kombinasjon med eit framifrå kriminalmysterium som berre ballar på seg di meir en les. Men Løvåsen har kontroll, på alt, og eg både lo og græt og vert djupt fascinert av portretta som stig opp frå bygdeskildringane. Det er imponerande å seie så mykje på så få sider og samstundes kome vidare i saka hennar Pauline og livet hennar Mamsell. Og for eit språk! 

Så, med ferdiglese bok, som eg tydelegvis rår praktisk tala alle til å lese, har eg to spørsmål. Ein: Kvifor er ikkje boka lenger? Eg kunne ha lese om desse folka i ei lita æve! Og to: Kvifor skriv ikkje Løvåsen meir?! Med skodespelet Vid din sida friskt i minne, er det tydeleg at me her har med eit framifrå talent å gjere. Vid din sida er heilt annleis, ikkje berre i sjanger, men attmed i stil, språk, tematikk, skildringar, ordtilfang og så vidare. Sigmund Løvåsen skuldar seg sjølve å utvikle seg meir, og å gje alle leselystne eit titalls gode bøker i framtida. Eg ventar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar