onsdag 5. oktober 2016

Lykkefeltet

Bilete: Samlaget
Dei vaksne systrene Stine og Gry bur i lag med far sin i Bergen. Ikkje av di dei vil, meir av di dei må. Gry har det ikkje bra. Ho er deprimert, og psykologfaren deira er redd ho vil gjere seg noko. Difor henta han henne heim frå Tromsø og universitetet der, for å passe på ho, se til ho, hjelpe ho. Og difor har han avgjort at Stine også må vere heime, og ikkje på hybelen eller på universitetet. Ho må vere heime og hjelpe Gry. Men Gry vil ikkje ha hjelp. Gry er berre sur og vrang, og ho gjer Stine sur og vrang og faren er på arbeid og dei er åleine med det sure og vrange. Og Stine klarar snart ikkje meir.

Det er mest berre ulukke og mørker kring Stine. Mora er ikkje der, ho døde av kreft for fleire år sidan. Stine hugsar mykje, men ho vil ikkje hugse alt, det er for trist. Men då var ho og Gry vener. No er ho så sint, så sint på Gry, sjølv om ho ikkje skal vere det. Det er mest som om ho ikkje får lov å vere sint, ho skal berre trøyste. Stine treng også trøyst, men Gry ser henne ikkje. Ho er berre oppteken av seg sjølve. Og Stine kranglar, med Gry og med far sin. Ho har korkje vener eller kjærast. Ho studerer, men får korkje tid eller moglegheit til å ta eksamen når Gry er Gry. Lesing og pugging og alt slikt er liksom ikkje viktig lenger. Ho er ikkje viktig lenger.

Og på psykologi på universitetet er det ein gut som har drepe seg. Ein gut som Stine såg og snakka med ein gong eller to. Han hadde ein kjærast, ho heiter Nina, og ei stund etter sjølvmordet, finn Stine og Nina kvarandre på ein fest. Nina vil ikkje prate om Askil. Men så vil ho likevel, og Stine må høyre på mørkret kring Nina og Askil, ho må høyre på alt ho ikkje vil vite. Og seinare må ho møte den nye kjærasten til Nina, Ståle. Ståle er mykje eldre enn Nina og Stine, han er trettifem år, minst, og spring stadig rundt på universitetet. Han er forfattar, seier han, men Stine finn han ikkje når ho søkjer i Bibsys. 

Nina og Stine vert vener og er litt saman av og til, når Stine ikkje må vere med familien sin, det vil seie Gry. Stine må passe på, trøyste, hjelpe og mellom anna vaske håret til Gry, sjølv om Gry badar i Stine sitt badevatn. Alltid må Stine berre halde ut og vere snill og grei. For storesyster Gry har det ille og toler ingenting. Ho græt om nettene så Stine ikkje får sove. Ho er sur heile dagen og trur alt er kritikk. Men så kjem juleferien. Stine og Ståle ligg saman, dei held det hemmeleg for Nina, og så fer alle tre på tur saman, til Budapest. Og Stine fyller tjue år utan at nokon veit det, og ho er heilt åleine i ein framand by med framande folk på sin eigen bursdag. Kan det verte verre? Ja.

Den vesle boka eg har lese, heiter Lykkefeltet og er skriven av Ingvild Holvik (f. 1976). Ho kom ut i 2010 og er debuten hennar Holvik. Med eit presist, godt og klart språk skriv ho fram den unge og redde Stine, som korkje veit opp eller ned, og som treng merksemd, kjærleik og von. Holvik målar eit realistisk bilete av studiekaoset, om korleis det er å vere ung og sjølvstendig, men samstundes ikkje heilt klar for dei største utfordringane. Ho skildrar Stine så fint, så fint, der ho er vaksen men like fullt lita, myndig men utan røynsler, midt i mellom ungdomsliv og eit eige liv. Og Holvik får så godt fram det sårbare i ein slik periode, det vonde og usikre, det grå og melankolske, det lokkande og det farlege, uvissa, krafta ein må ha, viljen, og ikkje minst det at ein må å få lov til å bryte opp, sjølv om det er vondt.

Boka opnar litt kaotisk av di Holvik går att og fram i tid for å skildre relasjonen mellom systrene, før og etter det som hender med Gry, før og etter at Gry og Stine må flytte heim. Det er mange stader og situasjonar å halde styr på, såre stemningar, triste avsnitt. Men som lesar får ein aldri kjensla av at kaoset er slurv eller dårleg håndverk. Det er eit medvite kaos, for å syne fram livet og dei plutselege kasta som skubbar ein av stad. Holvik har alt under kontroll heile tida, ho skildrar ei røynd som er nær og tett og sann. Og etter berre nokre kapittel kjem forteljinga inn i ei jamn straum, alt flyt, lenger og lenger ned. Heilt til Ungarn og den uutseielege einsemda.

Holvik har sans for pinlege situasjonar, skildra mørkt og poengtert, slik at det vert særs morosamt. Ho skriv detaljert, observant, med naturleg lettheit og eit velklingande, skarpt språk. Ho er også ein framifrå psykolog, der ho nesten utan å nytte dei konkrete orda og omgrepa i skildringane, lar psykologistudenten Stine verte mest oppslukt av sine eigne kjensler, av mørker og tristheit. Sjølv om Stine ser si eiga syster, sjølv om ho ynskjer å hjelpe henne, er hennar eiga erfaring med det same ordlaus. Det kjem kasta på ho, og ho freistar å tenkje bort, gå bort, gjere bort, lese bort, drikke bort, liggje bort, reise bort, løpe ifrå tristheita ho ber på.   

Lykkefeltet er ikkje berre ei mørk og trist bok om depresjon og kriser, langt ifrå. Fyrst av alt er ho ei sympatisk livsskildring av menneske som sansar og føler med heile seg, slik ein ofte gjer i den alderen. Ho er ei skildring av menneske med mot og redsle og humor, som freistar å takle vaksenlivet utan å vite kva det ber i seg. Og me som har vore der Stine og Gry er, i tungsinnet og mørkret, kan nikke og kjenne oss att. Me må rote for å rydde, me må ut av balanse for å finne likevekt, me må røyne for å vekse. Og det er alltid von.

2 kommentarer:

  1. Slik ein vakker melding av boka! Du skriv med det eg trur er boka sitt språk, av di boka sett avtrykk i deg. Det gjer du om att og om att på bloggen din, og det er så medrivande og godt, og det lyfter stunda og dagen. Takk for medkjensle og denne unike evna di til å føre vidare stemning, knute og savn i ulike språk.
    Trudelutt

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for fin kommentar! Og takk for at du ser det vesle som eg legg så mykje i.

      Slett