torsdag 8. oktober 2015

Fange 59. Taterpige

Bilete: Samlaget
Maria Andersdatter er seksten år. Me er i Trondheim, året er 1749, det er seinsumar, og Maria spring. Ho spring så fort ho kan på nakne føter, ho spring mot bymuren, må ut, må ut, røysta til vektaren dirrar i bakhovudet, klaska frå føtene jallar mellom husveggane, ho må berre halde fram. Så når ho porten og gøymer seg i krattet utanfor. Trygg. Men åleine! Kor er dei andre? Mor, far, syster, bror? Raskt skjøner Maria at ho er på feil side av byen. At ho har kome bort frå dei andre. At ho ikkje vil sjå dei att, viss ho ikkje finn dei fort. For dei vil vandre vidare no som det snart er haust. Den natta vaker Maria utanfor bymurane, ventar til ho kan kome seg inn att. Men då er det allereie for seint. Taterfølgjet hennar har reist. Og taterar har ikkje lov å vere i Trondheim.

Det går som det må gå: Maria vert oppdaga. Vektaren følgjer henne til tukthuset. Der vert ho innskrive, innesperra. I skitt og stank frå mange uvaska, sveitte menneske, utan seng, utan teppe, til med utan sko. Berre slik ho er. Maria tater. Mørkare i huda, mørkare auge, svart hår. Dei tek øyreringane hennar. Sølja med. Dei andre kvinnene, fattiglemmane, vil knappast sjå på ho. Ho er ikkje noko, berre ein fant, ho er heilt nedst av alle menneske, sjølv på tukthuset. Dei trur at ho stel, ho driv kan hende med trolldom òg. Maria ser at dei er redde, for ho, for folket hennar. Maria søv på golvet og har meir kontakt med myser enn med dei andre kvinnene. Ho kardar ull, må gå til messe sjølv om ho ikkje trur, et dårleg mat. Kven veit kor dei andre er no. Leitar dei etter ho? Kan ho snart kome seg ut? Skal ho stikke av? Vinteren kjem, det vert kaldare. Trekken står frå vindauga i tukthuset. Kan hende det er betre å vente til sumaren, til dei kjem att. Då kan alt verte betre.

Men sumaren kjem og Maria er framleis på tukthuset. Ho, som ikkje har gjort noko! Ho leita berre etter familien sin. Også er ho tater, mørk, annleis. Det er alt. No har ho ei seng på sovesalen. Sengehalmen er full av lopper og lus som kleiar i mørkret. Maria lengtar ut, vekk, til livet på vegen, vandringane, til fridom og natur, ope himmel, leirbål, songar, tørka kjøt, mor, far, sysken. Ho vil vaske seg, drøymer om å dykke i eit tjern. Men ho drøymer også om ein stor eld som skal brenne dei opp, ein brann som vil fare gjennom byen, sleike opp kring veggar og tak, brenne alle på tukthuset inne. Ho er uroleg, men gjer alt slik ho pleier. Ho arbeider i stilla, kardar godt, vaskar golv, set deigar, går til messe. I einsemd, i uro, med denne lengta hengjande i kroppen, utanpå kroppen, i alt ho gjer.

Etter litt meir enn eit år får ho melding om at ho skal få sleppe ut. Ho skal verte tenar hjå prost de Fine. Det knyt seg hardt i magen. Siste dagen skal ho ikkje arbeide. Ho vert henta av ein kar med hest og vogn. Ho får sitje i vogna, ho gyngar gjennom Trondheim, og alt ho kan tenkje på er at no, no kan ho springe. Ut av vogna, kring hjørnet, under der, inn den vegen, ned det smauet, opp den gata, over engene, ut. Ut, ut, ut.

Meir om handlinga vil eg ikkje seie, anna enn at ein lett får ei kjensle av at det eigentleg ikkje hender så mykje i boka. Og det er heilt rett. Dei ytre handlingane er få og spreidd godt utover. Den ytre spaninga er tilsvarande. I Fange 59. Taterpige er det det indre livet hennar Maria som er i fokus, lengta hennar, sansingane. Det er mykje stillheit, avsnitt og luft i den kjenslevare teksta, samstundes som ein også kjenner på ei djup uro.

Det er historikaren Aina Basso (f. 1979) som har skrive boka. Ho debuterte i 2008 med ein historisk ungdomsroman, Ingen må vite. Fange 59. Taterpige, som kom i 2010, er den andre boka hennar, og også ho er historisk. Kvifor ho er for vaksne og ikkje for ungdomar, veit eg ikkje. Eg både trudde og opplevde at ho var for ungdomar - til eg las at ho var for vaksne. Fyrst då var eg skuffa med tanke på kven og kva boka handlar om. Hadde den vore for ungdomar, hadde Basso skrive ei særs god bok, som tok den unge taterjenta på alvor. Viss boka er for vaksne, er ho for slapp, særleg med tanke på handling og komposisjon.

Fange 59. Taterpige er ei tilgjengeleg bok, med tydeleg handling og enkel undertekst. Ein kan lese boka utan å ha særleg mykje historisk kunnskap og lære ein del, samstundes som ho heller ikkje er kjedeleg for ein med oversyn. Det kjem av di Basso ikkje pøsar på med tørre historiske fakta, ho har som skrive over fokus på sansingane, særleg lukter. På midten av 1700-talet var samfunnet nokså annleis, til dømes var det ikkje særleg vanleg å dusje kvar dag (eller veke), ein levde tett på husdyra, sov saman med andre, sanitærforholda var ikkje noko å skryte av, og ei god kjøkenjente måtte både bake, brygge, slakte, partere, koke og steike - utan særleg mange hjelpemiddel. Sjølv om skildringane til Basso berre gir små drypp av korleis eit slikt liv kan ha vore, og sjølv om ho kunne skrive mykje meir, gjer sansingane at lesaren kjem i ei anna stemning. Og det er fint.

Boka er delt i to. Fyrst kjem ein del som heiter "Tukt", der Maria er på tukthuset. Så kjem ein del som heiter "Teneste", der Maria er hjå prost de Fine. Men ho er også todelt på ein annan måte. Samstundes som Basso skriv fram notidsforteljinga om Maria, skriv ho også fortidsforteljinga hennar. I korte, kursiverte, retrospektive minne vert vi kjende med den verkelege Maria, taterjenta Maria, der ho er saman med familien sin og følgjet sitt. Det er ein fin måte å dele opp teksta på, sjølv om tilbakeblikka ikkje følgjer ein streng kronologi. Naturlegvis hugsar me ikkje kronologisk, men det vert somme stunder utfordrande for lesaren å vite kva som hender når. I litt for mange tilfelle er også desse skildringane knytte opp til sansingar, årstidene og vêret, slik at det er vanskeleg å avgjere kor gamal Maria er. Men det viser seg å ikkje vere så viktig. Det viktige er stemninga, det frie livet på vegen, kontra eit liv i arbeid.

Språket i boka er lett, poetisk og sanseleg. Basso har nokre originale formuleringar som eg ikkje ville lagt i munnen på ei taterjente frå 1700-talet, til dømes at kinna til ein mann er klamme som nyrulla kveitebollar (side 33). Som fattig taterjente veit kan hende Maria ikkje mest om nyrulla kveitebollar? Har ho i det heile sett dei, rulla ei, ete ei? På 1700-talet var kveite mykje mindre brukt enn i dag, og ein ingrediens for dei privilegerte. Vanlege folk fekk stort sett halde seg med havre, bygg og rug. Men dette er berre pirk. Mange andre liknande formuleringar fungerer fint.

Historia om Maria Andersdatter er inspirert av verkelege historiske dokument som forfattaren har kome over. I mine auge er det somme stunder store sprik mellom den historiske røynda, slik han er framstilt i historiebøkene, og den forteljinga Basso skriv. Det syner også kommentarane til Basso heilt til slutt i boka, der ho gjer greie for kva me veit om den verkelege Maria Andersdatter. Hennar lagnad var ein ganske annan enn den Basso skildrar for den fiktive Maria Andersdatter. Når sprika er så store, ville eg kan hende spart meg å vise til kjelder. Dei reiser berre spørsmål om kvifor Basso har teke seg så mange kunstnariske fridomar, og kvifor ho ikkje har skrive den verkelege historia til den verkelege Maria Andersdatter.

Og når eg er inne på dette med røynd og fiksjon, vert truverde eit viktig omgrep. Er historia sannsynleg? Kan eg tru på ho? Maria er tater, ho er nedst i samfunnet. I mange år har ho levd med følgjet sitt langs vegane. Plutseleg er ho på tukthuset, dinest i teneste. Kvifor har ho då ikkje fleire negative røynsler? Me veit at ho er åleine, svolten, tynn og kald i byrjinga. Tukthusa er kjende for hardt arbeide, dårleg og lite mat, grove og tynne klede, fysisk og psykisk avstraffing, grufulle epidemiar, uhyrleg hygiene. Også i teneste kunne det gå hardt for seg, med tafsande gutar og truande menn. Men dette tenkjer ikkje Maria på. Ho likar arbeidet i kardestova og på kjøkenet. Ho klagar ikkje over kulda, maten eller at ho ikkje har ei seng. Det som opptek ho, er lengten etter familien, samt at ho vil vaske seg. Er ei slik lengt sterkare enn det verkelege livet? Er trongen til ei vask noko som gjer at ein gløymer kulde og svolt? Eller er ho herda av åra på vegen? 

Maria vert ikkje utsatt for vald, ho vert ikkje plaga, spytta på, hundsa, ropt etter. Eg tenkjer difor at røynda til den verkelege Maria Andersdatter av mange årsaker må ha vore nokså annleis. Men her vert den fiktive Maria Andersdatter skjerma av forfattaren, skjerma frå ei brutal røynd. Dette støttar at boka er for ungdomar heller enn for vaksne.

Sjølv om eg likar språket til Basso, og dei små, stille scenene ho skriv fram, vert det somme stunder for lågmælt og monotont. Eg lurar på kva tenåringen Maria gjer med alle dei intense kjenslene sine. Kvifor ropar ho ikkje, sleng med dørene, gret? Kvifor får ho ikkje panikk? Kvifor stikk ho ikkje av? Eg saknar ein råskap i teksta, ikkje ein brutalitet, men ein kontrast til stille og einsemd, eit trykk, ein aukande temperatur, noko som kan syne meg at Maria, den verkelege Maria, er der. At ho ikkje berre er apatisk, men at ho finst, at verda påverkar ho, at ho føler noko. På innsida er nemleg lengt og draum, fargar i det grå. Kvifor kjem det aldri til uttrykk? Eg trur at ei slik historie for vaksne hadde vore råare, med meir direkte tematisering av emne som armod, utruskap, born utanfor ekteskap, abortar, død - emne som Basso berre streifar, og som mest aldri gjeld Maria.

Fange 59. Taterpige er ei kort bok med masse luft - ho er ei lita historie som er gjort stor, av di ho fascinerte og inspirerte forfattaren. Det er greitt nok. Men eg opplever at Maria skuggar for andre, meir interessante personar i boka. Som fokaliseringsinstans er ho ganske matt og distansert, og slik sett er det fint at boka ikkje er lenger, av di Maria åleine ikkje lenger engasjerer. Eg kunne gjerne ha lese meir, om prosteparet de Fine, om Josefa, om Fredrik, om stallguten, om folka på tukthuset og om taterfamilien, men då kan hende med ein annan hovudperson enn Maria. 

Eg må også leggje til at Fange 59. Taterpige er ei utruleg humørlaus bok. Det var knapt ei morosam line i heile romanen, noko som bryt steilt med det inntrykket eg har av taterar. For meg er dei sterke, livfulle, kraftfulle, underhaldande, musikalske, kreative. Men eg skjøner at det er vanskeleg å kombinere humor, historie, ein alvarleg tematikk og knappe, poetiske skissar, og dinest binde det heile saman i eit godt språk. Like fullt, trass i alle desse innvendingane og fleire som eg ikkje har lista opp her, er romanen stemningsfull, fin og lesverdig, særleg for ein ung lesar. For meg vert romanen for litterær, men eg har stor respekt for forsøket, for forfattaren og for personen ho har leita seg fram til.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar