søndag 23. februar 2014

Vertshuset Jamaica

Bilete: Lydbokforlaget
Det går særs lengje mellom kvar gong eg høyrer på lydbok. Det går også lengje mellom kvar gong eg heilt friviljug les ei krimbok. Men nå har eg gjort båe - med kriminalforteljinga Vertshuset Jamaica som høyrespel på full guffe i bilen. Og det var slettes ikkje ille!

Det er den britiske forfattaren Daphne du Maurier (1907-1989), seinare både Lady og Dame, som har skrive boka som høyrespelet er basert på. Frå før har eg lese Rebecca (1938). Jamaica Inn kom ut i 1936 og reknast som forfattarens gjennombrot. Ho vart gjeve ut på norsk i 1938 (Cappelen) og på nytt i 1980 (Fredhøis), medan mi utgåve, høyrespelet frå det velkjende Radioteatret, er ein NRK-produksjon frå 1972. Regien er ved Noregs kriminalekspert nummer ein, Nils Nordberg (f. 1942). Boka, som kom ut for snart åtti år sidan, er lagt attende til tida kring 1810. Det avspeglast til ein viss grad i innhaldet med, kor til dømes hestesteling står sentralt. Annan tidskoloritt er postvogna som kjem to gonger i veka, mangelen på elektrisitet - her må dei kveikje ljos stadig vekk, viktigheita av skipstrafikken, ikkjeeksisterande kystvakt og stadige konflikter mellom England og Frankrike. Men at høyrespelet er over førti år gammalt, kunne verkeleg ikkje eg høyre!

Det kan hende det er store sprik mellom høyrespel og bok, men av di eg ikkje har lese boka, kan eg ikkje seie noko om det her. Difor gjeng me rett på handlinga. Det hele byrjar med at 23-åringen Mary Yellan misser mor si i sjukdom. Av di ho er ung og ugift, må ho verte forsørga, og då går ferda til dei næraste slektningane, tante Patience og onkel Joss. Dei driv eit vertshus som heiter Jamaica, og i byrjinga er Mary forventningsfull og glad. Ho gler seg til å sjå tanta si att, og til å kome til ein annan plass. Men medan ho reiser med vogn til Bodmin Moor i Cornwall, vert framtida stadig mørkare. Ryktet til Jamaica er ikkje bra, og Mary får høyre at unge kvinner som ho sjølv ikkje har noko å gjere på Jamaica. Respektable menneske stanar ikkje der meir, dei fer berre vidare, same kor lenge dei har køyrt. Då Mary endeleg kjem fram etter ei lang reise på humpete vegar, vil ikkje kusken følgje ho fram til døra. Han berre ropar at ho kan banke på, så vert det nok opna. Så er han vekk.

Den som opnar er Joss Merlyn, den inngifte onkelen hennar Mary. Han er meir enn to meter høg, brysk og sinna og mørk som ein tater. Han er ikkje glad for å sjå ho i det heile, og vekslar mellom å true ho og å skremme ho med forteljingane sine. Tante Patience, som Mary hugsa som blid og glad, er vorte ei bleik, gammal kvinne. Mary skjønar fort at tante Patience er redd, livsredd. For onkel Joss. Og at det hender mykje på Jamaica som Joss vil halde hemmeleg av di det ikkje er heilt lovleg. Mellom anna kjem det vogner og gjester til vertshuset midt på natta. Det knasar utanfor vindauget til Mary, store kasser er bore inn på vertshuset og gøymt i eit avstengd rom. Mary er rask til å ta på seg kleda og snik seg ned trappa heilt utan å knirke. Men det skulle ho aldri gjort. Når ho ser rennesnara som hengjer frå taket, vert ho overtydd om at ho må få med seg tante Patience og stikke av, før det vert for seint.

Og med det vert Mary innblanda i ein heil haug intriger og mysterium som inkluderar menneska i Bodmin Moor og Cornwall spesielt og i England generelt. Ho vandrar over heiene midt på natta som ein annan Brontë, Jane Eyre, Catherine eller Heathcliff, ho råkar ukjende menn på underlege plassar og spionerar hemningslaust på onkelen sin. Det vert raskt farleg, og av di Mary er ein smule naiv, tråkkar ho midt i salaten både seint og tidleg. Heldigvis er Mary også snartenkt og rappkjefta, og ved meir enn ein anledning maktar ho å stikke av frå mannleg fysisk overmakt. Ho er med andre ord ei skikkeleg heltinne! Og det passa særs bra for meg nett no, etter å ha dingla rundt med den slappe Dahlia. Men nok om det.

For røynde lesarar eller lyttarar er det ikkje så mykje ved Vertshuset Jamaica som kjem brått på. Dette er formellitteratur, men det er god formellitteratur. Nokre uforusette vendingar der det jo, sjølv om det i det store og det heile endar slik ein trur. Her, som i den gotiske romanen Rebecca, er inspirasjonskjeldene tydelege. Eg tenkte i alle fall på britiske klassikarar meir enn ein gong, men av di du Maurier har nytta førebileta godt, vert det ikkje tamt eller klamt. Spenningsboka vert tydeleg skriven for å underhalde, og det gjer ho verkeleg. Det som er flott, er at det verkar som om det heile er eit overskuddsprosjekt, det boblar med inspirasjon og skaparglede, antagelegvis heile vegen frå boka via lydboka og til meg. Så har det seg også slik at Jamaica Inn er ein verkeleg plass, nett i Bodmin Moor i Cornwall, kring der du Maurier budde mest heile livet. Forfattaren skal ha vitja vertshuset då ho var ung, og det kan verke som om det sette tydelege avtrykk. Ho har nytta noko av historia til vertshuset i boka si, så dei som vil lese eller høyre Vertshuset Jamaica, vil eg frarå å lese om staden. Ein britisk adaptasjon, basert på Hitchcockfilmen frå 1939, kan du finne her. Merk deg at det er store ulikskapar mellom bok og film.

Høyrespelet er dramatisert av BBCs Brian Gear og omsett til nynorsk språkdrakt av Ivar Eskeland. Det er eit særs velklingande mål gjennom mest heile stykket; berre eit par gongar kan ein høyre at det ikkje er vestlendingar som røder. Hovudrollene er spela av Astrid Folstad, Elisabeth Sand, Per Sunderland, Siri Rom, Lars Andreas Larssen og Jan Hårstad, og attmed dei kjem nesten tjue andre skodespelarar i ulike roller. Det er eit utroleg godt, sterkt og samkjørt ensemble, mykje takka vere opphaveleg tekst og regissør Nordberg, trur eg. Det kan verte litt mykje pusting somme stunder, men av di det både er spanande og morosamt å høyre på, så bryr ein seg ikkje noko særleg om det. Musikken vert nytta godt for å skape spenning, bryte opp og skilje mellom det som i boka er ulike kapittel. Forteljaren skapar ein raud tråd mellom scenene, og Marys monologar sørgjer for at lyttaren alltid har ein viss oversikt.

I det heile tatt: Tre underhaldande timar i lag med Mary Yellan og mysteriene ho kjem utfor. Høyrespelet kan anbefalast til samtlege over 14 år som ønskjer spenning, men ikkje vil verte vettskremte. Her lagar ein alle mentale bilete sjølv (godt hjelpt av den intense forsida på lydboka, kanskje), og jamført med mykje moderne krim er dette beint fram blodfattig. Men heilt miss Marple er det likevel ikkje. Gjennom råkande skildringar av folket på vertshuset Jamaica kjem vi tett på korleis dei levde for to hundre år sidan. Det er mange brutale og triste lagnadar, noko Mary Yellan verkeleg får røyne. Og viss du vil vite meir, må du nesten høyre Vertshuset Jamaica, du med.

2 kommentarer:

  1. Takk for tips. Denne skal sjekkes ut. Elsker engelsk krim og Cornwall..

    SvarSlett
    Svar
    1. Bare hyggelig! Håper du liker den:)

      Slett