onsdag 19. juni 2013

Tequiladagbøkene

Bildekilde: Kagge forlag
No er eg nett ferdig med å lese reportasje nummer 21 av Morten A. Strøksnes (f. 1965). Det var vedkjømeleg, for han var den siste i reiseserien til Strøksnes, som er kalla "Tequiladagbøkene" (du tek den, sant?). Dei stod på prent i den flotte vekeavisa Dag og Tid gjennom mest heile 2011, og kom som eige bok i 2012: Tequiladagbøkene - Gjennom Sierra Madre.

Eg har aldri vore utanfor Europa (med mindre to korte ferieopphald på Kanariøyene liksom skal telje som "Afrika"). Og eg har ikkje lyst til å reise til noko i nærleiken av Sierra Madre - i alle fall ikkje no, får eg vel seie, for Strøksnes er ikkje akkurat ein Lonely Planet-guide, som syner deg billege hotell og kule butikkar med ein teit hatt på hovudet og ein slapp vits på kvar strand. Strøksnes byrjar sør i USA, utforskar dei ugjestmilde grensetraktene og labbar i veg, langt utanfor allfarvei, opp og inn i fjella og ørkenen, og oppsøkjer sjølv både aude og livsfarlege plassar, isolerte indianarfolk, skumle narkofolk, ein heim for vettlause og no, i siste reportasje, den usedvanleg ekle dokkeøya litt utanfor Mexico by. Turen er lang, og eg tenkjer han sette sterke spor både fysisk og psykisk.

Forfattaren observerer godt, gjer seg sine varsame tankehopp og fattar stundom kloke konklusjonar - men ofte konkluderer han ikkje i det heile. Reportasjane er så solide at kvar og ein nesten er eit frittståande essay, og heilskapen fungerer som ei danningsreise - for lesaren. For det er umogleg å ikkje verte engasjert. Strøksnes skildrar peyotebruk, ekstrem-maraton og dødsenglar samstundes som han trekkjer inn moderne problem som ureining, urfolka og deira rettar, overfolking, fattigdom og naud, skeiv fordeling av ressursar, narkokrigen, vald, tortur og drap, medan han jamt støtter seg på og er i dialog med dei norske oppdagarane Carl Lumholtz (1851-1922) og Helge Ingstad (1899-2001), som farta rundt i Sierra Madre på 1890-talet og frå 1936-38. Og her syner Strøksnes at han ikkje berre er ein norsk turist på fottur i dei barske Sierra Madre-fjella, han er òg ein skarp idéhistorikar med sterke antropologiske interesser (trur eg, etter å ha lese dei mange reportasjane i Tequiladagbøkene).

Makabert er mest ikkje dekkjande på mykje av det Strøksnes opplever, skriv om og tek bilete av. Det er òg eit ord han nyttar sjølve, med anna i siste reportasje. I Mexico er liv og død sterkt knytt saman, i kvardagen til dei mange millionane som bur i landet, i bybiletet, særleg i den ekstremvaldelege byen Ciudad Juárez, i media, i politikk, i religion og hjå dei fredelege indianarane. Mykje er trist, fælsleg og vanskeleg å skrive om, også for meg. Så kvifor skriv eg om det då? Av di eg aldri har lese ein reportasjeserie som er så spanande, så velforma, biletskapande og poengtert, som balanserer elegant mellom å vere konkret og abstrakt, som er opplysande og oppslukande på same tid. Og tilmed humoristisk! Av di Strøksnes ikkje kjem farande med ovmod, klar til å tvinga på vestlege oppheng som demokrati og modernitet, men er audmjuk, vørdsam og oppriktig interessert i dei vidt ulike indianarkulturane han oppsøkjer, av di han går lange strekningar på eigne bein og ikkje tek fly, av di han sansar med heile seg; landet, folka, været, naturen, språka, trua, kunsten, ritualane, og gjev meg ikkje berre eit inntrykk av korleis det må vere i Sierra Madre, men også eit avtrykk.

Morten A. Strøksnes er eigentleg bokmålbrukar, og fekk Språkprisen i 2011 for innsats i norske medium. Han er òg kjend for mange gjennom boka Et mord i Kongo frå 2010, som handlar om dei to fengselsfuglane Tjostolv Moland og Joshua French. Det er med andre ord ikkje fyrste gong Strøksnes reiser langt av stad til ugjestmilde og konfliktfylte stader. Men å tre inn i eit nytt språk kan òg vere ugjestmildt og vanskeleg. Strøksnes har sjølv sagt at målforma er ei utfordring, og at ordboka ofte er naudsynt. Men i reportasjane er han imponerande naturleg og solid. Eg vonar han held fram med både reising, skriving og nynorsk.

4 kommentarer:

  1. Å-dette hørs spennende ut.:) Takk for tips.

    SvarSlett
    Svar
    1. Bare hyggelig:) Håper du tar deg tid til å lese!

      Slett
  2. Hadde endelig tid til å lese omtalen din og skulle ønske jeg hadde gjort det før jeg skrev min egen for den var så grundig og gjennomarbeidet, og minnet meg på flere ting jeg burde tatt med - ser tydlig at du ikke er like opptatt av Blanco og løpinga (shh), som var det som tiltrakk meg mest ved boka. Heldigvis var den mye annet interessant også -)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for koselig kommentar! Var nok ikke løpinga som fikk meg til å lese denne, nei. Men det var veldig interessant å lese om det likevel, jeg var ikke klar over at raramuriene var så utrolig dyktige langdistanseløpere - helt uten sko! Imponerende.

      Slett