søndag 16. desember 2012

J.R.R. Tolkien: verk og prosjekt

Som utruleg mange ikkje kan ha unngått å få med seg, er det premiere på Peter Jacksons nyaste film i desse tider. Også denne gongen er forteljinga henta frå den unike, litterære verda til J.R.R.Tolkien (1892-1973): eg tenkjer sjølvsagt på Hobbiten. Og eg har, til mi store glede, hatt boka, og mannen, som pensum denne hausten.

Hobbiten. Eller Ditut og attende kom ut for fyrste gong i 1937, som ei barnebok. Då hadde Tolkien arbeidd med prosjektet over lengre tid, medan verket han er aller mest kjend for, Ringenes herre (1954-55), ikkje ein gong var påtenkt. Men, som det seinare skulle vise seg, til både Tolkien og lesaranes forbausing, hengjer desse to bøkene nært saman, det er nesten så ein kan prate om at Ringenes herre er ein slags oppfølgjar til Hobbiten. I alle fall kan ein seie det slik at det eventyret Bilbo er med på i Hobbiten, ikkje eigentleg er omme på siste side i boka. Nokre element veks seg sterkare innan Ringenes herre kjem ut, her tenkjer eg sjølvklårt på ringen. I Ringenes herre er det Frodo, nevøen til Bilbo, som åtti år etter reisa til Bilbo må fare på sitt eige eventyr. Men frå 1937 til 1954 har alt mørkna, blitt meir dystert, farleg, vanskeleg. Ein kan ikkje lenger seie at Tolkien skriv for barn; Sauron og Sarumann kan mest berre samanliknast med dei gale diktatorane i mellomkrigstidas Europa, sjølv om Tolkien eksplisitt sa at boka ikkje skulle lesast som ein allegori. (Og ja, eg kallar Ringens herre ei bok, ikkje ein trilogi, for det er slik Tolkien tenkte det. Boka vart oppdelt i tre av lesarvennlege omsyn.)

Attende til Hobbiten. Men, kan du då spørje, kvifor i alle dager er dette innlegget på nynorsk? Av di eg har lese Eilev Groven Myhren si heilt utrulege omsetjing, vel. Eg fikk boka på verdas bokdag tidlegare i år, og for meg, som er særs glad i nynorsk, var det ei rein fryd. Det var mest ei fryd å lese ho óg! Språket er vedunderleg, ordtilfanget spanande og stort og like gammalt som Gandalv, rytmen framifrå, humoren lun, alt er bortimot perfekt. Groven Myhren si omsetjing er faktisk så bra at eg undrar på om eg skal lese Ringdrotten med. Eg las Ringenes Herre for omtrent ti år sidan, og den var ikkje det heilt store for meg. Men for eit språk Groven Myhren har! For ei glede å berre vere i språket! Og av di Groven Myhren medveten, nett som Tolkien, nyttar alle desse gamle orda og slik gjer historia meir fargerik, kjem eg nærare både personane og forteljinga. Med eit godt språk kan ein måla i flotte, klåre fargar, men med ein penn som hjå Groven Myhren kjem alle nyansane fram. Eg kosa meg verkeleg med Hobbiten, som er eit eventyr for alle.

Men Hobbiten er ikkje den einaste Tolkien-boka eg har lese denne hausten. Eg har og lese Herr Lykke, ei biletbok frå 1982 (Tolkien skreiv ho for sine eigne ungar, men ho vert ikkje utgitt før mange år etter). Herr Lykke er frå eit heilt anna univers, eit univers som minnar meir om vår notidige verd, sjølv om bjørnane kan prate og ein kan få plass til ein drøss menneske i ein liten bil med meir. Men etter Hobbiten var ho ikkje spanande og ikkje imponerande - eg la lista alt for høgt. For meg kunne manuset blitt hjå dei etterlatte papira hans Tolkien, sjølv om eg kan sjå kvifor mange finn det sjarmerande. Boka, som er meint for ungar, har mykje vaksen humor og avanserte konfliktar - kaniraffen er eit hederleg unntak. På mange vis er det ei biletbok for vaksne, med vaksen logikk (eller mangel på slikt) og eit vakse, økonomisk oppgjer. Det eg likte best, var illustrasjonene. Dei har Tolkien laga sjølv.

Forutan desse bøkene har eg óg lese ei fagbok, ein litterær biografi om John Ronald Reuen Tolkien, betre kjend som Ronald. Boka heiter Mytenes mann. J.R.R. Tolkien og hans forfatterskap (2003) og er skrive av Nils Ivar Agøy. Eg kosa meg mykje med denne boka óg. Agøy skriv godt, og han vevar saman biografi og litterær produksjon til ein stor heilskap. Slik kan ein følgje utviklinga i forfattarskapen og sjå han i samanheng med kva som hender med Tolkien sjølv. For meg var det til dømes oppklarande å lese at Tolkien var ein ivrig filolog, som freista å byggje bro mellom fagområda lingvistikk og litteratur. Mykje av hans eige arbeid kan ein sjå i lys av nett det: samanhengen mellom t.d. gamle norrøne ord (som finst i moderne engelsk) og norrøn litteratur. Og kva element Tolkien har "stole" frå eldre verk, som Edda, var det spanande å lese om. Agøy greier også godt ut om symbolikk, motiv og livvsyn i dei ulike verka. Mykje visste eg ikkje frå før. Mest sjarmerande er det at Tolkien kallar verka sine (særleg Hobbiten, Ringenes herre og Silmarillion) for sitt "legendarium". Dei er alle ein del av same tre, og treet er livsverket hans Tolkien. Agøy argumenterar solid for kvifor ein óg kan sjå andre delar av forfattar-skapen som greiner på same tre. Det overordna målet hans Tolkien, å atterreise ein gløymt, britisk mytologi, er stort, og famner mest alt han nokon sinne arbeidde med. Unntak vert Herr Lykke o.l.

I desse kinodagar får Hobbiten og Tolkien endå ein ny renessanse. Eg vonar de ikkje berre strenar avgårde inn i kinomørkret, men at de og tek dykk tid til å sjå på det som ligg bak filmen - boka, legendariet og mannen. Dei er verdt tida, alle tre.

God førjulstid!

2 kommentarer:

  1. Hei, "Ringdrotten" står i bokhylla, og jeg gledermeg til å leseden, som du sier, pga klangen i språket, symbolene, assosiasjonene, men den er så tjukk! Akkurat nå vil jeg lese kortere bøker, selvom det å være lenge i ei tjukk bok er en stor glede. Men takk for påminninga!
    Trudelutt

    SvarSlett