mandag 1. oktober 2012

Edda

Eg vart ferdig med å lese Edda (Snorre-Edda) seint i sommar, men det har drøya særs lengje med eit blogginnlegg om boka. Kvifor veit eg eigentleg ikkje. Edda er fantastisk. Ho inneheld så mykje, og ho opna eit stort rom i meg, kor berre fantasien kan setje grenser for kva som kan hende. Det gjer at eg veit mest ikkje kva eg skal skrive. Å skrive om Edda er på ein måte litt for personleg og litt som å fortelje ein løyndom. Personleg av di eg trur forskjellige menneske får særs ulike element, bilete og kjensler ut frå tekstane - som skapar heilt ulike lesaropplevingar. Det kjem an på kor mykje me veit om menneska før oss og deira tru, kor opne me er for den verda og dei bileta Snorre skildrar, kor mykje klangrom ein let tekstane få, både i seg sjølv og utover seg sjølve - her meiner eg både tekst og lesar.

Edda er som ein løyndom av di det er så mykje hemmelegheitar i tekstane. Ein del skriv Snorre aldri rett ut. Mykje må ein tenkje eller fantasere seg til sjølve, mykje er berre små dropar til det indre med ord, menneske, stemningar, skildringar. Ei heil verd ligg i Edda, eller meir enn ei, her er forteljingane om korleis verda blir til og korleis ho forsvinn att, gudeverda, underverda, menneskeverda, her er drakar og gullskattar, onde skapningar, brør som drep kvarandre, visdom og kjærleik, alle dei menneskelege gudane, humor og sorg og mykje tvitydig. Det er lyrikk og prosa, myte og mystikk, tru og verd. Språket er drivande godt, særleg i kvada. Og alle tekstane er ein del av det eg tidlegare har skrive om, det felleseuropeiske tekstkorpuset. Her kan ein kjenne att motiv og situasjonar, namn og stader, symbol og bilete frå andre verk. Eit døme er forteljingane om Sigurd Fåvnesbane. Nokre trur at kjerna i nett den forteljinga har røter attende til tida kring år null og ein kong Arminius, av di me kan finne ulike variantar i mest heile Europa, og samtidige historiske kjelder som høver.

Edda er ei viktig, om ikkje den aller viktigaste, kjelda me har til norrøn litteratur og kultur. Det er arva vår! Her greier skaldane ut for livssynet, kaoskreftene, hierarkiet, skjebnane, for tankar, skikk og sed. Men i nett Edda er det vanskeleg å skilje. Kva er tru, og kva er forteljing og myte? Kva er verdsoppfatningar som ein ordnar livet etter? Kva er heilag, kva er kvardags? Alt glir over i kvarandre, lett, fint, som ei perfekt syntese.
Då Snorre Sturlason (1178/79 - 1241) skreiv, var det innarbeidd kristen tro, kultur og kriste ritual både på Island og i Noreg. Heidendomen var noko gamalt, men ikkje gløymt. I mange soger, i balladar og kvad, vart det heidne motiv, tema og løysingar som rådde. Åsatrua vart aldri heilt borte. Og det er åsatrua ein får eit mykje tydelegare bilete av gjennom Edda. Kva trudde dei på, desse menneska? Korleis kunne dei nytte gudeverda i si eige verd? Ein kan få mange svar i Edda, men og i dei mange balladane, som framleis finst.

Som mange veit, er Edda eigentleg to verk: Den eldre Edda og Den yngre Edda. Båe vert skrivne ned på 1200-talet. Men me veit berre kven som skreiv Den yngre Edda; Snorre. Forfattaren av Den eldre Edda veit me ikkje noko om, men me trur at dei fantastiske dikta, som Voluspå og Håvamål, har eksistert i mange hundre år før dei vert skrivne ned. Nett kor gamle dikta er, får me nok aldri vite. Men kan det vere sanning i forteljinga om Sigurd Fåvnesbane, kan det vel vere sanning i mykje anna og? Og kan dei forteljingane halde seg, kan vel fleire? No har eg berre lese Den yngre Edda. Ho er også kalla ei innføring i skaldskap og norrøn mytologi, men det blir for meg ei nedvurdering. Ho er så mykje meir! Jan Kjærstad skriv i forordet til boka at ein gjerne kan lese Snorre-Edda fyrst, dinest Den eldre Edda, av di Snorre skriv om mange av skaldekvada til prosa i si bok. Og med det vert sogene, og kvada, lettare å gripe tak i for oss i dag. Eller dei vert mattare, tappa for mystikk og myte og magi. Ja, for her kan ein omskape seg, flyge, gi eit auge for visdom, slest med ormar og jotnar og verdas eklaste ulv, Fenris, ete epla til Idunn og døy av ein misteltein. Eg veit ikkje med deg, men eg skal lese Den eldre Edda. No.

Biletet er henta frå Wikipedia.

2 kommentarer:

  1. Jeg er både imponert og får frysninger ned langs ryggraden av skrekk! Imponert fordi du lar deg så begeistre av (Snorre)Edda! Frysninger fordi omtalen tok meg tilbake til skolebenken og et fryktelig spetakkel av en norskfrøken som klarte å drepe all eventuell spirende interesse for norskfaget generelt og Edda spesielt dengang i hine hårde dager. Det er et under at jeg klarte å beholde lesegleden gjennok skolegangen.. Lesegleden over alt annet enn norskfaget, that is.. Jeg har aldri prøvd meg på den eldre Edda. Jeg er nysgjerrig på hva du får ut av den! :o)

    SvarSlett
    Svar
    1. Jeg tror jeg kommer til å like "Den eldre Edda" enda bedre enn "Den yngre Edda"! Sjøl om det er vanskeligere å forstå teksten fordi den går på vers, med mange kompliserte omskrivinger og ukjente bilder og metaforer, er det et fantastisk og rikt språk og helt utrolige historier som fortelles. Er vel verdt anstrengelsene for meg!

      Er alltid leit å høre hvordan lærere kan ødelegge, ofte helt ubevisst, tror jeg. Men du som er så glad i fantasy og science-fiction bør av mange grunner oppsøke "Edda" og de gamle sagaene. Du veit, det var her det hele begynte... Og den gamle litteraturen og dens mange myter har alltid vært en viktig inspirasjonskilde for fantasyforfattere;)

      Slett