torsdag 17. mai 2012

Harpe og dolk

I vår har eg lese mykje forskjellig, med anna har dei to Vesaasane vore pensum. Eg likte romanen Fuglane særs godt, og har nett no lese Harpe og dolk, som er debutboka til Halldis Moren Vesaas (1907 - 1995), frå då ho berre heitte Halldis Moren og var 22 år. Harpe og dolk er ei diktsamling frå 1929, og ein skulle kanskje tru at desse dikta ikkje har heldt seg i over åtti år. Men det har dei. Her frå det fyrste i samlinga, "Min unge sang".

Du tonar igjennom svevnen,
du vekkjer meg glad kvart gry,
du følgjer meg trutt all dagen
og kling frå kvar soleglads-sky.
Og du er den gud eg dyrkar,
min venn og min hjartanskjær,
og elskhugs- og lidingsbarnet
eg under mitt hjarte ber.

Med eit par unntak, er dette tradisjonelle dikt. Dei har fast rytme, innrim og enderim og mykje assonans. Korkje symbol og tema byr på noko uventa. Situasjonane er tydelege, kjenslene sterke, bileta gode. Eitt dikt var utan rim, og det var overraskande. Men diktet skilde seg ikkje ut på anna vis. Då eg hadde lese fleire av dikta, kjente eg veldig på at dei berre var i sin eigen sfære, og at lyrikaren ikkje tok eit skritt bort for å sjå noko anna eller endre perspektivet. Eg vil ikkje seie at dei var kjedelege, for det var dei ikkje, men dei sa mykje av det same oppatt: om den fyrste kjærleiken og den fyrste sorga, om dei store kjenslene, både gode og vonde. Om å vere ei ung jente og vakne opp kvinne. Om å vere fri, lett, leiken og ung. Livskjensla og dikta var eitt, språket baud meg ikkje noko utfordringar, og heilskapen var nett det, heil, utan brot, utan opning.

Og når dikta ikkje har noko opning, er det vanskeleg å få dei til å råke deg, sjølv om dei er fine. Eg byrja å sakne eit nytt tema, ei ny rytme. Men med diktet "Pan og munkane" snur lyrikaren heilt. Opninga kjem. Livskjensla vert ein heilt annan. Diktet er mest ei episodisk forteljing, som rommar både eit hedensk og eit kriste perspektiv, og særs elegant vev lyrikaren inn mykje av det mest grunnleggjande for eit menneske: spørsmålet om tru og kva tru, sterke kjensler som glede og redsle, det å søkje mot noko som er trygt, om liv, kraft og død. Frå det personlege og kvinnelege er det eit stort sprang hit, og det er imponerande godt gjort. "Pan og munkane" er sterkt og krevjande, dundrande, dunkande, tempoet går fortare for kvar strofe, det er eggjande, fengande, det kvervlar kring den som les og vert ein vill dans, fylt med kontrastar og kraft. Og då vert brått opningsdiktet og dei andre, kjenslevare og sanselege dikta, annleis. Krafta som driv dei er den same. Det er livet.

Og kven kan vel dikta betre om livskrafta enn ei som er ung? Ei som har det heile framom seg, ei som sansar med heile kroppen, sansar for fyrste gong!, som kan sjå alle nyansane, kjenne att angar langvegsfrå, høyre stille tonar og usagte ord, skildre med godt utvalde omgrep og kraftfulle liner, med sterke og visuelle bilete, som kan veksle mellom mandig kraft og kvinnas findelte kjensleliv, og vekse - som lyrikar, kvinne, menneske - frå start til slutt!

Dikta i Harpe og dolk er vakre og nære. Og dei veks frå å vere barnlege og sanselege til å verte vaksne og kraftfulle, ja, fulle av trass! Kontrastane er tydelege, som lys og mørker, mann og kvinne, ung og vaksen. Symbola er kjende, som ein båt, to roser, fødselen, våren. Referansane går mest til religion og mytologi. Språket er kompromisslaust og syngande, fullt av bokstavrim og vokalsamklang, som gjev dikta ein messande undertone, ein jamn takt. Sjølv om eg sakna den modne kvinnestemma, som lyrikaren vart mest kjend for seinare, er dette ei sterk, tankefull og modig samling. Eg forstår godt kvifor Tarjei Vesaas vart forelska i denne unge, flotte lyrikaren, som på sitt beste er heilt fantastisk og utan like.

Ved deg er eg evig usæl,
fredlaus, fortapt, fordømd.
Ved deg er eg drott på jorda,
og gud i den blåe rømd.
Min helhest, min himmelstige,
og meininga med min gang,
eg andar og lever i deg,
eg er deg, min unge sang.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar