lørdag 3. mars 2012

Haugtussas løyndomar

Det er oppgåvetid, og denne gongen skal ho vere om tenkjar og forfattar Arne Garborg (1851 - 1924). Eg har lese Ein Fritenkjar, Bondestudentar og eit passande utval essays og artiklar. Nett no les eg også ein biografi av Rolv Thesen, Ein diktar og hans stid, og den fantastiske diktsyklusen Haugtussa frå 1895.

Og det er mest dette siste som gjer meg nysgjerrig og interessert. Ein fritenkjar var fantastisk skrive, rørande og sterk, Bondestudentar gir eit godt bilete av både Daniel Braut og eit samfunn på veg mot noko nytt. Men i Haugtussa speler ikkje samfunn eller studier, pengar eller mat noko rolle. Menneska er mest underordna naturen og alle skapningane som lev der. Veslemøy er spesiell, for ho kan sjå og føle dei, ho drøymer om huldrer og troll, og ute med kyra liknar kvar kolle og stein på noko anna. Det er ei gåve å få sjå kva Veslemøy kan sjå, og det er spanande å følje med på kva ho tenkjer, gjer, drøymer.

Og eg vert imponert. At ein mann, på over førti år, kan skrive så godt og nært, sanseleg og sant om ei ung jente! Tankane hennar er så sterke at dei er verkelege, kjenslene er like såre som eg kan hugse, redsla kjenner eg med, her eg sit. Og kjærleiken, der han bryt ut, og fell i grus... Det er berre då det gjer så vondt. Eg tenkjer at Arne Garborg må ha vore eit særs medvite og samla menneske, klok og skarp, som kunne sjå og hugse og skildre det som så mange gløymer og ikkje ser. Attil er språket rikt, lett, dansande lett, klukkande og overraskande mjukt.

Natur og mystikk, sorg og kjærleik, røynd og løyndom glir over i kvarandre i Haugtussa. Ho er, i mangel på betre ord, reint magisk. Det er opnande å lese. Både av di det opnar for ein samanheng i litteraturhistoria eg før ikkje har sett, Garborg er ikkje åleine om å vere fascinert av gygrer og nøkkar og alvar som dansar. Det er spanande å dra lina, både attende og fram. Men mest av di det opnar eit rom i meg, som eg ikkje heilt visste at eg hadde.


Måneskinsmøyane

Jordi søv i sitt vinterlin.
Bjørki den unge, rimkvit og fin,
stend som i sylvet skòri,
eller som bygd av stjerneskin.

Jordi søv i sin vinterblund.
Månen lyser på himilrund.
Tusund av diamantar
glimar um grein i den frosne lund.

Bråkveikt benkjande, strålerein
bivrar den glitring um kvist og grein.
Det er liksom lunden lìvde,
strådd med perlur og glimestein.

Stirande inn i den sylvblå glans
Veslemøy stend utan hugs og sans;
då ser ho med ein gong møyar,
kvite møyar som gjeng i dans.

Kvite møyar som gjeng i ring;
stille sviv dei i stìg og sving.
Det er som ein dans i draumar
til takt av stilslegt sylvklokke-kling.

Bygde er dei av lufti blå;
Kjolar av måneflor hev dei på,
sauma med stjerneglitter,
løynande lett dei barmar små'.

Håret flyt i vallande flaum
ned yvi rygg som ein sylvgrå straum.
Yvi dei bleike vangar
Stjerne-augo i stille draum.

Aldri såg dei den varme dag;
stilt det er i det ungdomslag.
Stivt dei i dansen smiler.
Kalde søv desse andlits-drag.

Lengi tryllt må Veslemøy stå,
drøymd den dansen stirande på.
Då nikkar dei som til helsing.
Og kverv i luft som ein frostrøyk grå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar