onsdag 1. februar 2012

Trollbunde student

Rekkja av gode fagbøker vil inga ende ta: no har eg lese både Inn i eventyret (2007) og Norsk folkedikting. Litteraturhistoriske linjer og historiske perspektiv (1999) på rappen, båe er skrive av professor Olav Solberg. Og eg vil berre ha meir. Meir eventyr og segner, meir folke-dikting; balladar, stev, viser, slåttar og alt som er, fleire døme, fleire analysar, meir detaljerte utgreiingar om motiv og symbol, fleire samanlikningar.

Så eg går i hyllene her heime, eg trekkjer fram ei standardutgåve av eventyra til Asbjørnsen og Moe, sagalitteratur frå Noreg og frå Island, Draumkvedet i fleire utgåver, Eddadikting, Per Thomas Andersens litteraturhistorie og mykje meir. Bokstabelen på skrivebordet er så høg at eg ikkje kan sjå ut av vindauget meir.
Eg er berre her, ein stad i mellom dei mange sidene, eg høyrer ikkje bikkjeglam, ungeskrik eller telefonen, eg er mest Årolilja no, eller den vanvørde Isödd, eller Kari, der ho andar ut og kjem til Maria. Kvitebjørnen rørar seg lett, han spring raskt, han er mykje mindre enn kjetta på Dovre. Trolla lurar mellom trea, ta kortaste veg heim, viss ikkje nøkken trollar deg til seg fyrst. I all æve, seier dei, i all æve skal du vere hjå dei underjordiske, trollbunde, eller hjå Maria, æveleg sæl. Men ikkje før du lurar fanden inn i nøtta.

Eg les om Asbjørnsen og Moe, Faye og Landstad, dei samlar inn og registrerar eventyr, segner og songar, dei skriv og redigerar, samlingane kjem ut, vert populære, nye opplag og nye samlingar ventar. Alle vil ha eventyr, alle vil verte trollbunde for ein kveld. Eg les vidare, om brørne Grimm som gjer det same i Tyskland. Om H. C. Andersen og dei franske feeventyra. Lina mellom kva som er dikta av ein forfattar og kva som er velkjende folkediktingsmotiv er ikkje alltid like klår. Motiva vandrar, er fleire plassar i fleire variantar, skjuler seg og dukkar opp att nett som det er.
Og Greimas, Propp og Olrik veit best, alle tre.

Viss du vil verte litt klokare eller trollbunde, les dei engasjerte og tilgjengelege bøkene til Olav Solberg. Men sjå og her for ein digital eventyrkatalog og her for balladane. God les!

2 kommentarer:

  1. Å, takk for gode innspel! Å vere slik til stades i verda, i skjøtane mellom myte, draum, flukt, røyndom og fortellarglede må vere ein av det beste stadane å finnast. Det frys i meg, eit ekko frå barndom og trolldom, grass nokon har rørt ved og skog full av alle desse skapningane - kor eg er med. Takk for glimt inn dit.
    Trudelutt

    SvarSlett
  2. Tusen takk for herleg kommentar! Så flott at eg klarte å syne deg kva eg har sett i desse fantastiske tekstane og bøkene! Eg les "Draumkvedet" om att, eg no. Fjerde gong. Framleis mållaus. For eit språk! Og bilete!

    SvarSlett