torsdag 16. februar 2012

Mellom svartedauden og Arne Garborg

Sidan eg er ein bokbloggar som ikkje har tid til å lystlese så mykje om dagen av di eg er nedlessa med pensumlitteratur, oppgåver og forelesingar, tenkte eg at dinne lista kunne vere ei grei avleiing både for meg og andre. Liknande finst og hjå mellom anna Lines bibliotek og Migrating Coconuts. Eg har stelt frå sistnevnte. Så, mellom svartedauden og Arne Garborg kjem desse 60 spørsmåla - og mine svar.

1. Kor gamal er du om fem år?
Viss det er dags dato som gjeld, så er eg då 30 år.

2. Kven var du minst to timar rundt idag?
Han Arne Garborg og eg er gode bussar for tida. Ja, også den vesle familien min, då. Dei dukkar opp og forsvinn att, eller kanskje det er meg...

3. Kor lang er du?
No er eg nesten to hovud (!) kortare enn veslebroren min. Han er 23 år, et framleis flaggstangfrø til frukost og nærmar seg to meter. Eg stoppa å vekse då eg var 11. I passet står det 1,64, men dei kring meg seier det er lygn. Eg meiner dei må vitje øyelegen.

4. Kva var den forrige filmen du såg?
Eg har ikkje sett ein heil film sidan... eg veit ikkje når. Me byrja å sjå ein av Harry Potter-filmane for nokre veker sidan, men er framleis ikkje ferdige. Eg trur den siste heile filmen eg såg må vere eit skrap av ein komedie i november. Nei, vent, eg såg ikkje heile. Då må det vere ei anna av Harry Potter-filmane, men eg hugsar ikkje kven.

5. Kven ringte du sist?
Det var mamma, gitt.

6. Kven ringte deg sist?
Heilt ut av det blå ringte Cesilie, og ho har eg ikkje høyrt frå på lengje. Det var hyggjeleg!

7. Kva stod på den forrige sms-en du fekk?
Den siste meldinga eg fekk var særs lang, og diverre ikkje ein gong mynta på meg, men eit anna familiemedlem. Så mykje for å ha "eigen" mobiltelefon, ja...

8. Føretrekk du å ringe eller å sende sms?
Kvart til sitt bruk, er det noko som heiter. Eg ringte mykje før, men no er det fleire meldingar av typen handlelister og liknande. Eg ringjer mest til familien, tekstar mest med vener.

9. Er dine foreldre gifte eller skilte?
Båe. Altså: gift og skilt og gift att. Men ikkje med kvarandre.

10. Når såg du mammaen din sist?
For nokre dagar sidan, då ho vitja meg. Vi gjekk tur, åt middag og diskuterte norsk mellomalderhistorie.

11. Kva farge har du på augene?
Sist eg sjekka var dei blå.

12. Når vakna du i dag?
Eg søv lett! Så: fyrste gong kring to, andre gong kring seks, tredje gong kvart over åtte. Då stod eg opp.

13. Kva er din favorittjulesong?
Heime hjå mamma har vi ein gamal cd som vi alltid må høyre på. Der er det mykje skrap, t.d. Boney M og "Feliz Navidad" og slikt, som vi ikkje orkar å høyre meir enn eit par gongar. Vakrast er Jussi Björling og "O helga natt".

14. Kva er din favorittplass?
Heime. Rondane. Sunnmøre. London.

15. Kva likar du minst?
Stress, mas og overkokte poteter.

16. Kvar trur du at du er om ti år?
Framleis her på jorda, godt nøgd og endeleg ferdig med studiane.

17. Kva skremte deg mest om natta som liten?
Mamma og pappa som spelte og sang "Vem kan segla förutan vind". Seinare: tanken på at det skulle vere noko, eller nokon, under senga.

18. Kva fekk deg til å le hardt seinast?
Siggi. Søk han opp på youtube. Og sjå han om att! Eg ler KVAR gong.

19. Kor stor er senga di?
Eg trur han er 2.20x2 meter eller noko slikt. Eg er ikkje sikker, ho er strengt tatt ikkje mi.

20. Har du stasjonær eller bærbar datamaskin?
Båe. Ein her og ein der...

21. Søv du med eller utan klede.
Med. Eg er frosen, særleg om vintrene og om nettene.

22. Kor mange puter søv du med i senga?
Eg nyttar berre ei om gongen, eller ingen, men me har fire.

23. Kor mange land har du budd i?
Eitt. Noreg, mitt Noreg!

24. Kvar har du budd? I kronologisk rekkefølgje:
Sidan eg vert vaksen - Buskerud, Oppland, ein kort periode i Oslo, Buskerud, Telemark, Buskerud.

25. Likar du sko, sokkar eller berrføtt?
Lite original: sko ute, sokkar inne, berrføtt om sommaren.

26. Er du sosial?
Isolert passar vel betre slik det er no. Men om eg likar å vere i lag med folk, ja. Av og til.

27. Kva er din favorittis?
Eg toler strengt tatt ikkje so mykje is, men Royal-isane er gode.

28. Kva er din favorittdessert?
Eg er eigentleg ikkje så glad i dessertar, men eg er særs glad i å lage dei! Men sjokolade er greitt, då.

29. Likar du kinamat?
Jau, eg gjer då det. Men sambuaren min elskar det, så no er eg lei alt som kjem i soyasaus. Høyrer du?!

30. Likar du kaffe?
Om eg likar? Ja. Men om dei kring meg likar at eg drikk? Nei. Då vert eg nemleg hyperaktiv.

31. Kva drikk du til frukost?
Dørgande kjedeleg, eg drikk vatn.

32. Søv du på nokon spesiell måte?
I følgje ei undersøking for fleire år attende, er eg med i gruppa på under 2% som søv på magen med båe hender opp.

33. Kan du spela poker?
Ein gong i tida, ja. Då eg gjekk på folkehøgskule vann eg til med mykje, men etter det har eg knapt spelt.

34. Likar du å kosa?
Med kven...?

35. Er du eit avhengigheitsmenneske?
Vel, både ja og nei. Eg veit at eg lett får dilla og vert "avhengig"; difor held eg meg unna.

36. Kjenner du nokon med same bursdag som deg?
Då eg gjekk på ungdomsskulen gjekk eg i klasse med ein gut som vart fødd same år og dag som meg. Me prata aldri om det, eg trur me syntest det var mest flautt. Hormon!

37. Vil du ha born?
Fleire? Ikkje no! Men om nokre år; kven veit.

38. Kan du nokon andre språk enn norsk?
Nynorsk! Og eg kan sjølvsagt engelsk, og kan gjere meg forstått på eit haltande tysk. Eg hadde ein elendeg lærar på ungdomsskulen og kan difor knappast fransk. Eg kan lesa og skriva norrønt og minimalt med urnordisk. Synest svensk er nydeleg, men ikkje skånsk. Og synest mest øyra krøllar seg når eg høyrer dansk (i hovudet høyrer eg berre "halvfjers kartoffel" om att og om att, dårleg vane). Kan nokre strofar hist og pist elles, men det er verkeleg ikkje noko å skryte av...

39. Har du nokon gong vore i ein ambulanse?
Ikkje som eg kan hugse.

40. Føretrekk du havet eller eit basseng?
Havet, og alt som høyrer med, berre ikkje pittesmå raude cornerflagg og galne grekarar som veivar med hendene når bikinien fell av.

41. Kva brukar du helst pengar på?
Huslån og rekningar. Eg likar å sjå lånet krympe! Dinest: bøker.

42. Eig du dyre smykker?
Eit par, ja. Med anna arvestykke og bunadsølv.

43. Kva er ditt favorittprogram på TV?
Eg fangar opp ei og anna nyhendesending, men kan ikkje seie at det er ein favoritt, særleg ikkje når dei vert presentert av han Viggo. Nokre hjernedaude dramaserier fungerer greitt som underhalding eller avleiing når eg er stressa.

44. Kan du rulle med tunga?
Det kan eg.

45. Kven er den morsommaste personen du kjenner?
Det er kontekstavhengig, synest eg. Vi er heldige og har mykje løye heime og hjå andre familiemedlem.

46. Søv du med kosedyr?
Ikkje av eiga vilje. Men når eg vaknar har eg kaninen i armhola, skilpadda på magen og ein plastkloss i øyret, så nokon av oss gjer det. Tydelegvis.

47. Kva har du som ringelyd?
Herleg stillheit, telefonen er på lydløs heile tida. Eg er god til å ringje opp!

48. Har du klesplagg frå du var lita?
Ja, det har eg. Ikkje i alle storleikar, men nesten. Med anna ein kvit og holete ullgensar eg nytta då eg var eit par månader, ein blå ullkjole eg nytta då eg var eit år og ein Ole Brumm-gensar frå då eg var ca. åtte-ni.

49. Kva har du nærast deg no som er raudt?
Ei boblejakke, ein korrekturlakkeske og Jenny av Sigrid Undset.

50. Flørtar du mykje?
Nei, det trur eg ikkje. Men eg vrir kjeft. Ofte har det same verknad.

51. Kan du bytte olje på bilen?
Ja, det kan eg. Og eg gjer det med, av og til.

52. Har du fått ei fartsbot nokon gong?
Ikkje som eg veit - det blinka ein gong eg køyrde ein lånt bil, eg sa ifrå til eigarane, men eg høyrde aldri noko om at dei fekk ei bot. Men eg har vore i tre kontrollar og fått ei parkeringsbot. Då sa bestefar at eg kan køyre gris livet ut, for sjølv han hadde ikkje vorte kontrollert så mykje. Men eg køyrer pent. Bestefar køyrer gris.

53. Kva var den forrige boka du las?
Mennesket i middelalderens Norge av Sverre Bagge. Utruleg interessant og spennande!

54. Leser du avisa?
Viss eg hadde hatt tid! No les eg somme stunder papirutgåva av Dag og Tid, resten på nett. Vitjar oftast Aftenposten.

55. Abonnerer du på noko magasin?
Ikkje no. (Dag og Tid kjem pent brukt frå mamma)

56. Dansar du i bilen?
Når eg er veldig blid og radioen spelar ei gladlåt, ja!

57. Kva radiostasjon høyrte du på seinast?
NRK p2, eit program om norsk høgreekstremisme, sjølvsagt i lys av 22. juli.

58. Kva var det siste du skreiv ned på eit papir?
Fleire sider med notat frå dobbeltforelesinga om svartedauden i Noreg i 1349.

59. Når var du i kyrkja sist?
I desember; gudsteneste, nattverd og barnedåp.

60. Er du lykkelig?
Eg er mest sliten no. Men oftast glad og nøgd, så ja!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar